Velkomen!

UWC Leirskule er ein del av UWC Røde Kors Nordisk. Skulen ligg i Flekke i Sunnfjord, Sogn og Fjordane fylke.

Det spesielle med UWC leirskule er at mange av aktivitetane er leia av studentane ved colleget. Studentane kjem frå over 80 ulike land og representerer mange ulike kulturar og religionar. Leirskule-aktivitetane blir leia på engelsk, som er felles-språket for skulen. Det vil alltid vere ein som kan oversetje om du har vanskar med å forstå.

Bli kjend med heimesida vår, så kan du finne ut korleis det er på leirskulen og kva for aktivitetar vi tilbyr.